December 06, 2018

Drapsdømd Bandidos-medlem dømd for nye drapstruslar

Bandidos-medlemmen i Stavanger var sett fri på prøve frå fengselet i fjor, under føresetnad av at han skulle halde seg unna det kriminelle motorsykkelmiljøet. Men i mai i år trua han ein mann på livet for å få han til å endre forklaringa si rett før ei rettssak i Sunnmøre tingrett.

Sunnmøringen hadde då gått til det uvanlege steget å legge alle kort på bordet overfor politiet i ei grov valdtektssak i miljøet.

Det fall ikkje i smak i det kriminelle motorsykkelmiljøet. Målet med drapstruslane i Sandnes var ifølgje dommen å unngå at folk i miljøet på Sunnmøre skulle bli dømde i saka.
– Slike saker er viktige fordi folk skal kunne vere fri til å forklare seg for retten, utan å få truslar i samband med det, seier politiadvokat Terese Braut Våge, som var aktor i saka.

Oppsøkte onkelen

I dommen frå Jæren tingrett kjem det fram at 43-åringen i mai blei kontakta av ein annan i motorsykkelmiljøet, og beden om å ta affære.

15. mai troppa han difor opp hos onkelen til sunnmøringen, som var busett i Sandnes. Der trua han onkelen til å ringe fetteren sin, og forklarte at dersom han ikkje trekte eller endra forklaringa si, ville det få alvorlege konsekvensar.

Retten meiner det i realiteten innebar truslar om vald eller drap.

Bur på hemmeleg adresse

Truslane sette likevel ingen stoppar for sunnmøringen. Under rettssaka om den grove valdtekta tidlegare i år forklarte han seg, med eit stort politioppbod til stades, om kva som hadde skjedd. Det førte til at fire menn blei dømde til fengselsstraffer, den lengste på 7 1/2 år.
Marit Lomundal Sæther står utenfor Tinghuset
Forsvarar Marit Lomundal Sæther seier sunnmørsmannen ikkje ønskjer å uttale seg om saka. Han har gått under jorda etter drapstruslane, og bur på hemmeleg adresse.
Foto: Siv Sandvik / NRK
Sjølv har han gått i dekning, bur han på hemmeleg adresse og forklarte i retten at han frykta for livet.

Han ønskjer ikkje å uttale seg om dommen mot han som trua han på livet, og advokat Marit Lomundal Sæther ønskjer heller ikkje å kommentere saka.

Tidlegare drapsdømd

Bandidos-medlemmen er tidlegare dømd ei rekkje gongar, og hausten 2012 dømde Jæren tingrett han til i seks og eit halvt år etter å ha skote ein annan mann i hovudet på kloss hald i Rogaland.

I fjor blei han sett fri etter å ha sona mesteparten av drapsdommen, men blir no fengsla på nytt i 1 år og 4 månader. Forsvarar Sol Elden, som representerer 43-åringen, skriv i ei tekstmelding at dei ikkje er samde i konklusjon eller straffeutmåling, og vurderer å anke saka.


Norway - NRK.

No comments:

Post a Comment