Posted by
MC & Gjengkriminalitet
- Get link
- X
- Other Apps
Motorsykkelklubbens medlemmer får ikkje besøka USA. Det vil dei ha ein slutt på.
Del med andre:
Motorsykkelgjengen, eller foreininga som dei sjølv kallar seg i søksmålet, hevdar at det er feil av myndigheitene å kalla gjengen for ein kriminell organisasjon.
– Motorsykkelentusiastar
Advokatane til Hells Angels kallar organisasjonen for ei laust samanknytta gruppe med individ som alle saman er motorsykkelentusiastar som organiserer sosiale tilstellingar. Dei likar å køyra motorsykkel saman, samla inn pengar, arrangera festar og motorsykkelløp.
No vil gjengen ha heva eit forbod som fører til at gjengens medlemmer ikkje får besøka USA. Det skriv CNN.
FÅR IKKJE REISA TIL USA: Dette finske HA-medlemmet får ikkje reisa til USA på grunn av sitt medlemskap. Foto: LEHTIKUVA / Jussi Nukar
Dei hevdar at myndigheitene baserar innreisenekten til USA berre på grunn av folks medlemsskap i organisasjonen, men at dei ikkje føretek ein djupare analyse om vedkomande som søkjer visa har planar om å gjera noko kriminelt medan dei er i USA.
Hells Angels vil og ha skildringa om at dei er ein kriminell organisasjon fjerna.
LES OGSÅ: 11 pågrepet på Hells Angels-fest
Amerikanske påtalemyndigheiter har fleire gonger kalla Hells Angels kriminelle.
– Enkeltindivid
Men motorsykkelforeininga sjølv hevdar at kriminelle handlingar gjort av medlemmene ikkje har nokon samanheng med Hells Angels, men er gjort av enkeltindivid. Difor er ikkje det representativt for Hells Angels.
Det er venta at amerikanske myndigheiter vil koma med eit tilsvar i saka i løpet av nokre veker.
Hells Angels vart etablert i California i 1948, og har no avdelingar i 35 land, inkludert Noreg.
- Get link
- X
- Other Apps
MC & Gjengkriminalitet is neutral ground.This blog has NO club's affiliation, we're only here to spread the news about what´s going on in GANGLAND around the World.
Comments
Post a Comment