Posted by
MC & Gjengkriminalitet
- Get link
- X
- Other Apps
Bandidos tilbake i Kristiansand
Motorsykkelklubben Bandidos tek opp igjen aktiviteten på Sørlandet. Klubben si avdeling i Kristiansand vart reetablert i helga, skriv Fædrelandsvennen.
Ifølgje avisa deltok to personar frå Kristiansand i eit møte i Drammen i helga der klubben vart reetablert. Klubben har vore nede i fem år i Kristiansand.
– Politiet har fått indikasjonar på at ei reetablering av Bandidos i Kristiansand er i gang. Vi er kjende med møtet som var i Drammen i helga. Førebels ynskjer ikkje politiet å kommentere saka, seier etterforskingsleiar Kjell Erik Eriksen til Fædrelandsvennen.
Ordførar Arvid Grundekjøn
Foto: Øivind Eskedal/NRK
– Trist og negativt
Han påpeikar at politiet vil ha fokus på dei såkalla einprosentklubbane i tida framover.
Ordførar i Kristiansand, Arvid Grundekjøn, seier det er beklageleg at klubben etablerer seg på Sørlandet igjen.
– Det er trist og negativt. Den typen miljø og negative krefter vil vi helst sleppe i byen. Vi er heilt klare på at vi vil kjempe mot den slags med alle lovlege middel, seier Grundekjøn til NRK.no.
– Politiet har fokus på denne utfordringa og vil utvilsamt følgje den opp på god måte i nært samarbeid med oss, som har ansvar og myndigheit i byen. Så det må vi kjempe mot så godt vi kan, seier ordføraren.
Vil kjempe
Kristiansand bystyre har vedteke at dei skal kjempe mot organisert kriminalitet og dei såkalla einprosentsklubbane.
– Overordna mål for politikken er å få eit trygt og godt samfunn med positive verdiar og kvalitetar og stengje ute negative krefter som bryt ned og står for negative verdiar, seier ordføraren til NRK.no.
- Get link
- X
- Other Apps
MC & Gjengkriminalitet is neutral ground.This blog has NO club's affiliation, we're only here to spread the news about what´s going on in GANGLAND around the World.
Comments
Post a Comment