Mongols vil etablere seg i Arendal

Mongols til Arendal (Foto:  Skjermdump mongolsmc.no)
Mongols har sjølv annonsert på nettsidene sine at dei har starta ei etablering i Arendal.

MC-klubben Mongols er i ferd med å etablere seg i Arendal. Politiet vil no gjere det dei kan for å hindre ei etablering.

– Vi har eit fokus på einprosentsklubbane og ynskjer ikkje at dei skal ekspandere ytterlegare. Vi har hatt spesielt fokus på Mongols det siste året og det vil vi halde fram med, seier Leif Vagle i Agder-politiet til NRK.
Den internasjonale motorsykkeklubben har det siste året etablert seg fleire stader i landet. Seinast i fjor stifta MC-klubben ei lokal avdeling i Kristiansand.

– Fokus på MC-klubbar

Vagle påpeikar at politiet ikkje kan nekte ei etablering, men at dei kan ta i bruk verkemiddel for å gjere det vanskelegare for MC-klubben.
– Vi kan legge ein del hindringar i vegen om dei prøver å tileigne seg eit klubbhus, for å hindre etableringa, seier han.
– Kjem de til å føreta dykk noko konkret?
– Vi har eit fast fokus på MC-miljøa og spesielt på Mongols, som har profilert seg veldig negativt i Agder det siste året. Vi kjem til å følgje linja vi tidlegare har gjort. Vi ynskjer ikkje at dei skal ekspandere, seier Vagle.
Førebels er det uklart kor langt klubben har komme med ei etablering i sørlandsbyen.

– Gategjeng

– Det er vi ikkje kjende med. Vi veit at dei har ein del medlemmer på Agder og at dei driv rekruttering for fullt, seier Vagle.
Det siste året at fleire medlemmer av klubben i Kristiansand blitt dømde til fengsel for mellom anna vald og trugslar.
– Vi betraktar det som ein gategjeng og vi veit at det sekventerer ein del kriminelle element i desse klubbane. Difor ynskjer vi ikkje at dei skal få etablert seg, seier Vagle i Agder-politiet.
NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med Mongols. Men tidlegare har presidenten i klubben sagt at politiet ikkje har noko å frykte.

Comments