Mistenker organisert bande



Onsdag arresterte politiet i Nord-Trøndelag ein mann i forbinding med eit innbrotsforsøk i ei småbåthamn. Målet med innbrotet skal ha vore å stjele motorbåtar. Politiet mistenker no at dei same gjerningsmennene har vore involvert i fleire liknande saker i andre delar av landet – først og fremst på Vestlandet, skriv trønderavisa.no.
Politiet i Sogn og Fjordane, samt politiet i Møre og Romsdal, er no kopla inn i etterforskinga for å sjå om det finst samanhengar mellom denne saka og andre liknande saker.

Nasjonal sak

– Det er ikkje usannsynleg at det her er snakk om organisert kriminalitet, seier politiførstebetjent ved Verdal lensmannskontor Kjetil Mollan til avisa.
Han seier det ser ut til at det kan vere snakk om ei nasjonal sak.

Varebilar knytt til saka

I samband med etterforskinga er politiet på generelt grunnlag interessert i varebilar registrerte i Bulgaria og Litauen. Særleg er ein kvit varebil av merket Citroën Jumper registrert i Bulgaria av interesse, samt to varebilar registrerte i Litauen. Den eine er ein Fiat Ducato og den andre ein Peugeot Boxer.
Politiet ber folk vere ekstra påpasselege og observante.

Comments