– Folk vil ikkje merke forskjell

Motorsykkelklubben Hog Riders Florø vert ein del av Devils Choice MC Norway, som har nære relasjonar til Hells Angels.
Men klubbens talsmann trur ikkje folk vil merke forskjellen.
– For oss i Florø betyr dette at vi byter ryggmerke til Devils Choice. Eller vil ikkje folk merke forskjell får tidlegare, seier talsmann i Devils Choice Florø, Knut Grønsberg.

– Ingen direkte kontakt

Den nye klubben dei kjem under er ein supportklubb til 1-prosentklubben Hells Angels.
– Vi har ingen direkte kontakt med Hells Angels. vi berre viser at vi støtter dei i kampen mot det bildet som har vore framstilt av klubben i media, seier talsmannen.
Som fortel at klubben slår seg saman med avdelinga i Bergen og Stavanger og at det vert totalt 139 medlemmer i Norge.
– I Florø er vi ni i klubben, der seks er medlemmer. Alle ni vart trekne opp i Devils Choice i helga, seier Grønsberg.

Ikkje dømde

Dei såkalla ruterklubbane, som er klubbar som ber eit merke på vesten for å syne at dei støtter HA, opplevde eit mediekøyr for eit par år sidan om kor mykje kriminalitet det kom til å bli grunna samarbeidet med Hells Angels.
– Ein kan no sjå kor mykje kriminalitet det har blitt. Det er ikkje veldig mykje. Ingen i klubben vår er dømd for kriminalitet dei siste ti åra. Alle har familie, jobb og held seg godt innanfor lova med alt ein gjer. Vi har ikkje noko å tene på å gjere noko anna, seier Grønsberg.

Comments