– Desse klubbane, der enkeltpersonar driv med stor kriminell verksemd, følgjer vi sjølvsagt ekstra godt med på, seier politiinspektør Tore Salvesen.
No styrkar politiet kampen mot 1-prosentsklubbane. Mellom anna med ei heilt fersk handbok for kommunar og politi. Outlaws og Devils Choice er to klubbar som no har fått fotfeste i Bergen, der Hells Angels allereie er etablert.
- LES OGSÅ: |
– Politidirektoratet har vel beskrive dei som interesseorganisasjonar for kriminelle, som legg til rette for den enkelte kriminelle.
– Heilt feil
– Det er heilt feil. Eg har vore medlem i Hells Angels i 17 år no og veit at dette ikkje stemmer. Hadde det vore slik så hadde vel stort sett alle vore i fengsel, antar eg, svarar Rune Olsgaard.
Outlaws, som no er etablert med prøveklubb i Bergen er ikkje kjent for å vera blant venene til Hells Angels.
– Vi har sett andre stader at ein del klubbar rivaliserer. Det følgjer vi godt med på, seier Salvesen i politiet.
– Nei, vi har ingen rivalisering med nokon klubbar så det er ikkje noko å frykte, svarar Olsgaard.
- LES OGSÅ:
Spør seg om det er lov
Uansett så er det politidirektoratet kallar det kriminelle MC-miljøet veksande. Nokre av måla som er beskrive i den nye handboka er å redusera talet på desse klubbane og hindra nyrekruttering.– Politidirektoratet har sidan den nye handlingsplanen i 2011 prøvd å demonisere heile MC-miljøet.
Olsgaard i Hells Angels spør seg om det i det heile teke er lov å bruke kommunane i arbeidet mot MC-klubbane.
– Hadde dette skjedd mot ei anna folkegruppe, til dømes jødar, muslimar, fotballsupporterar eller kva som helst, så hadde det blitt ramaskrik.
Comments
Post a Comment