Skip to main content

Kjenner seg dømde på førehand

Stian Dolve

FRUSTRERT: Stian Dolve med dei omtala støttemerkene på vesten.


Like før påske kom årsrapporten til politiet sitt Samordningsorgan som deler ut støtte til ulike prosjekt, frå motarbeiding av narkotikakriminalitet til arbeid mot litauiske organiserte kriminelle. Eit av prosjekta politiet i Sogn og Fjordane har fått støtte til, er eit prosjekt retta mot kriminelle MC-miljø, der det står utheva at politiet skal arbeide mot etablering av Devils Choice i Florø.

Dolve er ikkje overraska over rapporten, og seier at dei lenge har kjent seg forfulgte og overvaka, berre på bakgrunn av merket dei ber på jakkene. Det var i 2013 dei slutta seg til Devils Choice, som er ein offisiell supporterklubb av Hells Angels.
– Det einaste samarbeidet vi har med Hells Angels er at vi går saman for å kjempe mot den forskjellsbehandlinga vi opplever. Vi har ikkje skifta haldning til samfunnet, men samfunnet har skifta haldning til oss, grunngitt av Kripos-rapporten, seier Dolve.
Det skal ikkje vere sånn. Då er vi ein politistat før vi veit ordet av det.
Stian Dolve, Devils Choice MC
Han viser til ein rapport Kripos kom med i 2013. Året etter vart det i samarbeid med KS utarbeidd ei handbok for kommunane som skal gjere dei betre rusta i møtet med kriminelle MC-klubbar.

Har ikkje snakka saman sidan 2013

Politistasjonssjef Robert Veseth i Florø stadfestar at dei i 2014 har teke imot pengar til eit prosjekt retta mot kriminelle MC-miljø. Han seier dette er eit ledd i ei langvarig satsing frå politiet si side.
Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon
VIL FØREBYGGJE MC-KRIMINALITET: Politistasjonssjef Robert Veseth seier at dei arbeider førebyggande mot eit miljø som er knytt til organisert kriminalitet.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
– På ein måte kan ein sei at vi har mislukkast ettersom Devils Choice jo har etablert seg i Florø. Vi har i alle høve forsøkt det vi kan. Før dei skifta namn hadde vi ein dialog med klubben. Vi hadde møter med dei fordi vi var uroa for utviklinga, seier Veseth.

Dolve seier at dei ikkje har høyrt noko frå politiet sidan 2013, då dei vart Devils Choice.
– Om vi skulle vere den kriminelle organisasjonen som politiet hevdar vi er, hadde eg i det minste forventa at dei kom for å prate med oss, seier Dolve.

– Klubbane er ikkje kriminelle

Dolve peikar på at klubbane i seg sjølve ikkje er ulovlege, og at eventuelle kriminelle forhold må takast med dei det gjeld, gjennom rettssystemet. Han meiner det er feil å skulle dømmast for kva vener ein vel, og viser til eit vedtak Flora kommune nyleg gjorde om at Devils Choice er uønskt i kommunen.
Dette kom saman med eit avslag på ein søknad om skjenkeløyve, etter anbefaling frå politiet. Han meiner at politiet skaper eit dårleg inntrykk av medlemmene i klubben.
– Vi har éin dom, på ein som er medlem her, frå 2002. Det er det. Elles har vi nokre forenkla forlegg. Vi aksepterer ikkje å bli kalla ein kriminell gruppering, seier Dolve.
Advokat Jon Christian Elden som representerer både Devils Choice og Hells Angels, seier at dette er det største problemet, at klubbane i seg sjølve ikkje er dømde som kriminelle, men berre enkeltmedlemmer. Han reagerer også må mangelen av dokumentasjon.
John Christian Elden
ETTERLYSER DOKUMENTASJON: Advokat John Christian Elden representerer både Devils Choice og Hells Angels
– Vi har tidlegare høyrt dette talet frå Politidirektoratet, men dei har nekta å dokumentere kva dei bygg på. Vi veit ikkje kven dei trur er medlemmer, kva tidsperiode dei snakkar om eller kva slags lovbrot det gjeld. Då vi tok ut vandelsattestar frå politiet i 2013 som viste dommar medan gutane var medlemmer av MC-klubbar, var kriminaliteten den same som for gutter i same aldersgruppe generelt.

– Eit verdival

Veseth seier at det ikkje handlar om enkeltmedlemmer i Devils Choice-klubben i Florø, men om det dei står inne for som organisasjon.
– Det handlar om verdiar. Vi ønsker jo at vi skal ha sunne og gode verdiar i samfunnet vårt, og vi vil ikkje at verdiane til 1%-miljøet, den kriminelle delen av motorsykkelmiljøet, skal få fotfeste i lokalsamfunnet, seier Veseth.
Politiet viser til at desse klubbane definerer seg på sida av samfunnet, og viser til statistikk; 75 % i Hells Angels er straffedømde ifølge Politidirektoratet.

Etterlyser dokumentasjon

Dolve etterlyser dokumentasjon frå politiet si side når det gjeld det lokale miljøet. Han er sjølv i ferd med å samle saman ulike dokument, mange av dei knytt til saka om skjenkeløyve.
Vi har jo berre skifta ryggmerke, vi har ikkje skifta personlegdom
Stian Dolve, Devils Choice MC
– Det hadde vore interessant å sjå noko statistikk på dette prosjektet, kva dei har fått ut av det, ettersom dei har brukt enorme ressursar, seier Dolve, og viser til storstilt politioppbod kvar gong dei arrangerer noko samt jamleg overvaking.

Motorsykkelverkstaden til Devils Choice
KLAR FOR NY SESONG: Devils Choice er ein rein Harley-klubb. På verkstaden står syklane klare for våren.
Foto: Gunnhild Årdal / NRK
– Det skal ikkje vere sånn. Då er vi ein politistat før vi veit ordet av det, seier Dolve.

Veseth seier han ikkje kan gå inn på detaljnivå på kva midlane har gått til. Han vedgår at dei ikkje har teke direkte kontakt sidan klubben vart Devils Choice.
– Vi meiner vi har gjort det klart kva politiet meiner om saka. Dolve er velkommen til å ta kontakt, seier Veseth.

Comments