Oslo Politidistrikt seier det er alt for mange våpen i omløp. I går vart ein vektar skoten på Blindern i Oslo. Skytevåpen får mykje merksemd frå politiet.
Einar Aas leier eit prosjekt for å få oversikt over kor mykje våpen dei tunge kriminelle har.Foto: Thomas Marthinsen / NRK
Det seier Einar Aas i for seksjon for organisert kriminalitet i Oslopolitiet. Han leier eit prosjekt for å få oversikt over kor mykje våpen dei tunge kriminelle har.
– Dei mest intelligente blant tunge kriminelle unngår nok kanskje våpenbruk dersom dei kan det, seier Aas.
Vanskeleg å få tak i slike våpen
Dei siste åra har dei tatt hand om over hundre våpen frå kriminelle grupper i Oslo, men enn så lenge veit dei lite om kor mykje våpen som finst totalt.
Aas seier at tala er nokså stabile. Så langt i år har dei beslaglagt 15 ulovlege våpen i dei kriminelle miljøa. Men det er ikkje kven som helst som kan få tak i slike våpen.
– Det er ikkje veldig lett å få tak i. Det er nok avgjerande å ha kontaktar i dei kriminelle miljøa, då vert det mykje lettare. Prisen er relativt høg, og det viser jo at det ikkje er torghandel det er snakk om, seier Aas.
Natt til i onsdag blei ein vektar skoten på Blindern i Oslo, og fleire bygg blei evakuerte då dei fann noko som såg ut som ei bombe.
Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix
Vektarar blant dei mest utsette for vald
Natt til onsdag blei ein vektar skoten på Blindern i Oslo, og fleire bygg blei evakuerte då dei fann noko som såg ut som ei bombe.
Runar Karlsen er fagsjef for tryggingsbransjen i NHO Service.
Foto: Peter von Tangen-Jordan / NRK
Politiet veit framleis ikkje kva som var motivet eller kven som stod bak. Og dei kan dermed ikkje knytte denne hendinga til organisert kriminalitet.
Ifølge tal frå Legevakten i Oslo er vektarar er blant dei yrkesgruppene som er mest utsette for vald på jobb, seier Runar Karlsen, fagsjef for tryggingsbransjen i NHO Service.
– Det er ein auke i hendingar der vektarar vert utsette for vald på jobb.
Han seier at det heldigvis ikkje er ofte at ein vektar blir skoten, men at dei ser ein auke i vald, truslar og alle typar våpen.
– Fleire og fleire tilfelle så har vi sett at det har vore våpen involvert. Så er det også ein del hendingar med stikkvåpen, seier Karlsen.
Comments
Post a Comment