Storbrann med heldig utfall

Rekkehusbrannen i Kringomvegen i Svelgen var svært dramatisk då fleire familiar vart huslause. Det rykte ut brannvesen frå stasjonar i både Flora og Bremanger og hendinga avslørte at det var for dårleg vasstilførsel til sløkkingsarbeidet i Langeneset i Svelgen. Samstundes viste Svelgen igjen at dei er eit samfunn tufta på solidaritet då folk slo seg i lag med innsamlingsaksjon til dei som vart råka av brannen i slutten av mars.

Klikk på bildeserien øvst i saka for å sjå alle hendingane!

Det kunne blitt svært dramatisk også då det byrja å brenne i andre etasje i Amfisenteret i Florø, men varslingssystem og rutinar fungerte veldig bra.

Elles så «brann» det under føtene på medlemmene i motorsykkelklubben Devils Choice, på grunn av deira tilknyting til medlemmer i Hells Angels. Politikarane og administrasjon i Flora kommune erklærte at klubben ikkje er velkommen i Flora-samfunnet så lenge dei held på si tilknyting til det påstått kriminelle nettverket deira.

For eikefjordingane vart det ein retteleg opptur i mars, då bystyret i Flora endeleg vedtok bygging av ein ny skule i bygda. Den gamle frå slutten av 1950-talet har sett sine beste dagar og det er på høg tid med fornying. Eikefjordingane har stått på jamt og trutt for si store lokalpolitiske sak og har møtt mannsterke fram i mange bystyremøte opp gjennom åra.
 

Comments